Forhåndsvisning: velg publiserings-status

Barnevernsstatistikk

Bekymringsmeldingar og undersøkingar

I 2024 tok barnevernstenesta imot i overkant av 88 000 bekymringsmeldingar for 45 800 barn i aldersgruppa 0-17 år. Det er ein liten oppgang samanlikna med 2023. 76 prosent av bekymringsmeldingane gjekk vidare til undersøking, og 34 prosent av undersøkingane ende med tiltak frå barnevernstenesta.

Bekymringsmeldingar

Barnevernstenesta skal gjennomgå innkomne bekymringsmeldingar så snart som mogleg, og seinast innan ei veke etter at dei er mottatt. Dette gjeld uavhengig av om barnet allereie har barnevernstiltak, om det er ei pågåande undersøking eller om barnet og familien ikkje er i kontakt med barnevernstenesta frå før.

Det er først frå 2020 at talet på meldingar i aktive saker og pågåande undersøkingar er samla inn som del av statistikken, og vi har eit komplett bilete av alle bekymringsmeldingar som kjem inn.

I grafen under presenterer vi alle mottatte bekymringsmeldingar. I dei andre grafane i denne artikkelen presenterer vi berre meldingar som gjeld barn som ikkje allereie har ei pågåande undersøking eller aktive barnevernstiltak.

Bekymringsmeldingar

Tal på gjennomgåtte bekymringsmeldingar til barnevernstenesta i løpet av året, fordelt på meldingar i nye saker og meldingar i saker der det allereie er barnevernstiltak eller pågåande undersøking (aktive saker).

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Type melding

Auke i talet på meldingar etter fleire år med nedgang

I 2024 gjekk barnevernstenesta gjennom 88 057 meldingar. 53 287 meldingar var i nye saker, og 34 645 meldingar gjaldt barn med aktive barnevernstiltak eller ei pågåande undersøking. Det vil seie at om lag fire av 10 meldingar barnevernstenestene mottar handlar om barn som allereie er i systemet.

Frå 2020 til 2022 gjekk talet på meldingar ned. Denne reduksjonen var særleg sterk i talet på meldingar i nye saker, som gjekk ned med 12 prosent i perioden. Dei siste åra har talet på meldingar auka med nesten 10 prosent frå 2022 til 2024, og talet på meldingar i 2024 er det høgaste sia starten av måleperioden. Aukinga har særleg skjedd i talet på meldingar i aktive saker, kor talet har gått opp med 13 prosent i perioden.

Aukinga er lågare siste året, samanlikna med året før. I 2024 var aukinga frå året før på 3 prosent, mot 7 prosent året før der igjen (2022 til 2023). For meldingar i nye saker er auka på 2 prosent frå året før, og for meldingar i aktive saker er auka på 4 prosent.

SSB, tabell 10673 og 12189.

Det er først frå 2020 at talet på meldingar i aktive saker og pågåande undersøkingar er samla inn som del av statistikken, og vi har eit komplett bilete av alle bekymringsmeldingar som kjem inn.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Bekymringsmeldingar

Bekymringsmeldingar i nye saker

Tal på gjennomgåtte bekymringsmeldingar i barnevernstenesta i løpet av året, fordelt på konklusjon.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Konklusjon

1 av 4 bekymringsmeldingar i nye saker blir lagt vekk

Når nokon melder bekymring for eit barn, skal barnevernet innan ei veke vurdere om det er behov for å undersøke barnet sin situasjon nærmare, eller om bekymringsmeldinga kan leggjast vekk utan vidare undersøking.

I 2024 vart omtrent en fjerdedel av meldingane der det ikkje allereie var ei pågåande undersøking eller aktivt tiltak, lagt vekk. I 2019 var det 19 prosent. Det er dermed ein lågare del av dei mottekne meldingane som går til undersøking dei siste åra. Denne utviklinga inneber at sjølv om talet på meldingar har gått ned dei siste åra har talet på meldingar som blir lagt vekk av barnevernstenesta likevel auka.

Det er fleire forhold som kan bidra til å forklare nedgangen i bekymringsmeldingar og auken i delen meldingar som blir lagt bort, som mellom anna auka kunnskap blant offentlege instansar om at meldeplikta til barnevernet først vert utløyst i dei meir alvorlege tilfella. Til dømes gir ikkje høgt skulefråvær hos eit barn eller ein ungdom aleine grunn til at skulen skal melde bekymring til barnevernet.

Barnevernsreforma som trådde i kraft i 2022 har som mål å styrkje arbeidet med førebygging og tidleg innsats. Ein del av nedgangen i bekymringsmeldingar kan difor også vere knytt til at andre instansar enn barnevernet arbeider førebyggjande med barn og unge.

SSB, tabell 10673.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Bekymringsmeldingar i nye saker

Barn med bekymringsmelding etter alder

Barn med melding i løpet av året, etter alder. Tal og per 1 000 barn på same alder. Gruppa 13-17 år og alder i alt inkluderer 17-åringar som fylte 18 i løpet av året. I løpet av eit år kan fleire personar ha sendt inn bekymringsmeldingar for det same barnet, og talet på barn med bekymringsmelding er difor lågare enn talet på meldingar vist i figuren over.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Aldersgrupper

I 2024 vart det sendt inn og gjennomgått bekymringsmelding for 45 767 barn. Det utgjer rett under fire prosent av barna under 18 år. Delen barn med melding er lågast blant dei aller yngste under to år, der under tre prosent er registrert med melding. I dei andre aldersgruppene er ca. fire prosent registrert med melding.

Nedgangen i talet på barn med melding som vi har sett dei siste åra har skjedd i alle aldersgrupper, men nedgangen starta nokre år tidlegare blant barn under seks år. Frå 2023 til 2024 har det vært ein liten auking i talet på barn med melding. Denne aukinga har skjedd blant de eldste barna i alderen 13 til 17 år, men også blant barna i alderen 6 til 12 år.

SSB, tabell 11292.

*Gruppa 13-17 år inkluderer 17-åringar som fylte 18 i løpet av året. Denne gruppa inngår i kategorien «alle barn» i grafen som viser talet på barn. I grafen som viser tal per 1 000 barn er det berre barn under 18 år som inngår.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Barn med bekymringsmelding etter alder

Kva er innhaldet i bekymringsmeldingane?

Det er sjeldan berre éi årsak til at det vert meldt bekymring til barnevernstenesta, og ei melding inneheld ofte fleire bekymringar. Bekymringane knytt seg både til barnet si utvikling og foreldra sin omsorg, samt til forhold i familie og nærmiljø.

Kilde

Lauritzen, Vis, m.fl., 2019

Bekymringsmeldingar fordelt på innhald

Tal på bekymringsmeldingar i løpet av året, fordelt på innhald. År 2021-2024.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Innhald i meldingane

Ofte alvorleg innhald i bekymringsmeldingar

Innhaldet i bekymringsmeldingar er ofte alvorleg. I 2024 vart det i 18 prosent av meldingane bekymring om foreldra sitt rusmisbruk og i 17 prosent var det bekymring om vald i heimen eller at barnet var vitne til vald i nære relasjonar. Vidare vart det ofte meldt om psykiske lidingar hos foreldre, høg grad av konflikt i heimen og at barnet vart utsett for fysisk vald.

Auke i meldingar knytt til manglande ivaretaking av grunnleggande omsorg frå foreldra og barnet sine relasjonsvanskar

Auka i meldingar frå 2022 til 2023 har særleg skjedd for tenåringar i alderen 13 til 17 år, men også blant barna i alderen 6-12 år. Tala viser spesielt ei auke i meldingar som inneheld bekymring om manglande ivaretaking av grunnleggande og kvardagsleg omsorg for barnet frå foreldra, barnet sine relasjonsvanskar, manglande sensitivitet og kjenslemessig tilgjengelegheit for barnet frå foreldra og konflikt mellom foreldre som ikkje bor saman. Auka frå 2023 var på høvesvis 55, 23, 12 og 11 prosent. Det har også vært ei auke i meldingar som inneheld bekymring knytt til menneskehandel frå 40 i 2023 til 71 i 2024.

Se SSB.no for meir statistikk om innhald i bekymringsmeldingar.

SSB, tabell 10674.

Innhaldskategorien «Manglande oppfølging av barnet sine behov for helsetenester frå foreldra» vart først tatt i bruk av barnevernstenesta i 2023. Derfor finst det ikkje data for denne kategorien i åra før 2023.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Bekymringsmeldingar fordelt på innhald

Kvar kjem bekymringsmeldingane frå?

Barnevernstenesta tar imot bekymringsmeldingar frå mange ulike instansar og frå privatpersonar med ulik tilknyting til barna det vert meldt om.

Bekymringsmeldingar etter kven som har meldt

Talet på bekymringsmeldingar i løpet av året 2024, etter kven som har meldt. I denne grafen er meldarane delt inn i tre hovudkategoriar – privatpersonar, skule- og helseinstansar, og andre instansar. Grafen viser også fordeling etter konklusjon av meldinga, og delen av alle meldingar.

Hovedinndeling
Konklusjon
Sekundærinndeling
Melder

Flest bekymringsmeldingar frå politi, barnevernsteneste og skole

Politiet, barnevernstenesta sjølv og skole sender flest bekymringsmeldingar til barnevernet, med høvesvis 17, 12 og 11 prosent av meldingane. I ei årrekke har det vore desse aktørane som melder mest til barnevernstenesta. Mor/far/føresette og lege/sjukehus/tannlege melder også ofte bekymring til barnevernstenesta, med ni prosent av meldingane kvar.

Nesten halvparten av meldingane frå politi vert lagt vekk

Om barnevernstenesta legg vekk bekymringsmeldinga eller ikkje, varierer i stor grad med kven som har sendt meldinga. Det er særleg ein høg del av meldingane frå politiet som ikkje går vidare til undersøking, med 46 prosent i 2024. Dette kan skuldast at politiet, i tillegg til meldeplikta som alle offentlege instansar har , også har eigne føresegn som pålegg dei å varsle barnevernstenesta. I motsett ende ser vi at meldingar frå barnevernstenesta sjølv, barnet sjølv og frå skole og barnehage relativt sjeldan blir lagt vekk, med rundt ein av ti.

Auke i bekymringsmeldingar frå fleire offentlege instansar dei siste par åra

Over lengre tid har det vore ein nedgang i talet på bekymringar, men denne trenden har snudd, og vi ser ein auke i talet på bekymringsmeldingar dei siste par åra. Den generelle nedgangen over lengre tid handlar om at fleire offentlege aktørar meldte i mindre grad enn tidlegare. Aukinga frå 2022 handlar i stor grad om at desse aktørane igjen melder inn fleire bekymringsmeldingar. Aukinga var spesielt høg frå 2022 til 2023, da vi så vi ei markant auke i bekymringsmeldingar frå politi, skole og lege/sjukehus/tannlege. Frå 2022 til 2023 var det også ei sterk auke i talet på meldingar frå asylmottak/UDI/innvandringsstyremakter. Frå 2023 til 2024 har aukinga vært mindre, men det var framleis en auke i meldingar spesielt frå skole og helsetenester. Politiet meldte derimot inn færre bekymringsmeldingar i 2024 samanlikna med året før. Vi har også sett ei auke i meldingar frå anonym meldar dei siste par åra.

For meir statistikk om kven som melder inn bekymring, sjå SSB.no.

SSB, tabell 10674.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Bekymringsmeldingar etter kven som har meldt

Undersøkingar

Etter å ha behandla ei bekymringsmelding og konkludert med at den går vidare til undersøking, har barnevernstenesta tre månader på gjennomføre undersøkinga. Formålet med ei undersøking er å undersøke om barnet lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, og på bakgrunn av dette fatte ei slutning om barnet har behov for barnevernstiltak eller ikkje. Ifølgje barnevernslova skal undersøkinga gjennomførast så skånsamt som mogleg, og den skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig.

Barn med undersøking etter alder

Talet på barn med undersøking starta i løpet av året, etter alder. Antall og per 1 000 barn i befolkninga. *Gruppa 13-17 år inkluderer 17-åringar som fylte 18 i løpet av året.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Alder

I løpet av 2024 opna barnevernstenesta undersøking for 37 145 barn. Det er ei lita auke dei siste par åra, på 1,5 prosent frå året før, og ei auke på 4 prosent sia 2022. Nivået er likevel mykje lågare enn tidlegare år. I perioden 2017 til 2022 vart talet redusert med 22 prosent.

Færrast undersøkingar for dei yngste barna

Delen barn med undersøking i befolkninga er lågast blant dei yngste barna, med 23 per 1 000 og høgast blant barn mellom 6 og 12 år (35,5 per 1 000). Nedgangen frå 2017 til 2022 var særleg tydeleg blant ungdom i alderen 13 til 17 år, men det er også i denne gruppa talet på barn med undersøking har auka dei siste par åra.

SSB, tabell 10666 og 07459.

Gruppa 13-17 år inkluderer 17-åringar som fylte 18 i løpet av året.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Barn med undersøking etter alder

Kva er konklusjonen av undersøkingane?

Konklusjonen av ei undersøking er anten at undersøkinga går vidare eller blir lagt bort. Undersøkingar går vidare anten ved at barnevernstenesta gjer vedtak om tiltak eller at barnevernstenesta fremmer eit krav om tiltak for barneverns- og helsenemnda. Ei undersøking blir lagt bort anten etter barnevernstenesta si vurdering, etter parten sitt ønske, på grunn av flytting eller etter tilvising til annan instans.

Undersøkingar etter konklusjon

Undersøkingar avslutta i løpet av året, etter konklusjon. Antall og prosent.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Konklusjon

Barnevernet avslutta 39 575 undersøkingar i 2024. Det er ei auke på to og en halv prosent frå året før, og en auke på fire prosent sia 2022. Talet på undersøkingar dei seinare åra er på eit lågare nivå enn før. Frå 2017 til 2022 var det ein nedgang på 21 prosent i talet på avslutta undersøkingar. Nedgangen var størst i undersøkingar som konkluderer med at barnevernstenesta gjer vedtak om tiltak.

Over 60 prosent av undersøkingane vert lagt bort

I 2024 vart totalt 64 prosent av undersøkingane lagt bort. Dette er på same nivå som året før. Delen undersøkingar som vert lagt bort har auka dei seinare åra. På elleve år, frå 2013 til 2024, har delen undersøkingar som vert lagt bort auka med åtte prosentpoeng.

Det kan være ulike grunnar til at ei undersøking vert lagt bort, og i statistikken skil vi mellom ulike forhold:

  • Undersøkinga vert lagt bort etter barnevernstenesta si vurdering, det vil seie at tenesta vurderer at barnet og familien ikkje har behov for hjelp frå barnevernet
  • Undersøkinga vert lagt bort etter parten sitt ønske. Dette kan vere når barnevernstenesta vurderer at det er behov for tiltak, men familien ikkje samtykker til å få tiltak.
  • Undersøkinga vert lagt bort fordi familien flytter til ein annan kommune.
  • Undersøkinga vert lagt bort etter tilvising til annan instans.

Det vanlegaste er at undersøkinga vert lagt bort etter barnevernstenesta si vurdering, og i 2024 gjaldt dette så vidt over halvparten av undersøkingane. I tillegg vart ti prosent lagt bort etter parten sitt ønske, tre prosent på grunn av flytting, og nesten to prosent på grunn av tilvising til annan instans.

Nedgang i undersøkingar som går vidare

I 2024 gjekk 13 743 undersøkingar vidare, anten ved at barnevernstenesta fatta vedtak om tiltak eller at barneverntenesta fremma krav for barneverns- og helsenemnda. Delen undersøkingar som går vidare har gått ned frå 43 prosent i 2013 til 35 prosent i 2024.

I dei fleste tilfelle fattar barnevernstenesta vedtak om hjelpetiltak, og det er berre dei mest alvorlege sakane som ender med at barnevernstenesta fremmer krav om tvangstiltak for barneverns- og helsenemnda. I 2024 gjaldt dette 449 av dei avslutta undersøkingane. Denne andelen har i ei årrekke ligge på om lag ein prosent av alle avslutta undersøkingar.

Kilde: SSB, tabell 10665.

Eit barn kan være registrert med fleire undersøkingar. Difor er det totale antalet undersøkingar høgare enn det totale antalet barn med undersøkingar.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Undersøkingar etter konklusjon

Grunn til å setje i verk tiltak

Det kan vere fleire grunnar til at barnevernstenesta konkluderer med å setje i verk tiltak for eit barn, eller sende eit krav om tiltak til nemnda. Dei mest brukte grunnane i løpet av 2024 er presentert i grafane under. For fullstendig oversikt over tal for alle år og alle grunnar, sjå SSB.no.

Undersøkingar som går vidare ved at barneverntenesta gjer vedtak om tiltak, etter grunn til tiltak

Tal på avslutta undersøkingar i løpet av året som konkluderer med at barnevernstenesta gjer vedtak om tiltak, etter grunn til tiltak. År 2024. Antall og delen av alle grunnar til tiltak.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Grunnar

Dei vanlegaste årsakene til å setje i verk tiltak i 2024 var høg grad av konflikt heime, foreldre sin manglande sensitivitet og kjenslemessige tilgjengelegheit for barnet og foreldre sine psykiske problem. Alle disse årsakene var oppgitt i nær ein av fem tilfelle der barnevernstenesta enda undersøkinga med å fatte vedtak om å sette i verk tiltak.

Også forhold som konflikt mellom foreldre som ikkje bur saman, barnet si åtferd og vald i heimen/barnet er vitne til vald i nære relasjonar blir ofte oppgitt som årsak til tiltak.

Problembiletet frå melding til avslutta undersøking endrar seg

Det er noko ulik tematikk som pregar innhaldet i meldingar og årsak til å setje i verk tiltak.

Dette er i tråd med funn frå forsking om barnevernets undersøkingsarbeid som viser at:

  • Meldingar som har sitt opphav i enkeltepisodar som omhandlar rus eller kriminalitet hos foreldre, og som ofte kjem frå politi, vert oftare lagt bort enn andre meldingar der bekymringa har bygd seg opp over tid.
  • For meldingar som går vidare til undersøking endrar problembiletet seg undervegs. Foreldreferdigheiter og sider ved samhandlinga mellom foreldre og barn vert beskrive som bekymringsfullt for langt fleire barn i undersøkingsrapportane enn i meldingane.

Kilde:

Christiansen et al. (2019)

SSB, tabell 10782.

Det kan vere fleire grunnar til å setje i verk tiltak. Summen av grunnane er difor større enn undersøkingar konkludert i alt.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Undersøkingar som går vidare ved at barneverntenesta gjer vedtak om tiltak, etter grunn til tiltak

Undersøkingar som går vidare ved at barnevernstenesta sender krav om tiltak til barneverns- og helsenemnda, etter grunn til tiltak

Tal på avslutta undersøkingar i løpet av året som konkluderer med at barnevernstenesta sender krav om tiltak til barneverns- og helsenemnda, etter grunn til tiltak. År 2024. Antall og andel av alle grunner til tiltak.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Grunnar

For undersøking som ender med krav om tiltak frå nemnd er problembiletet meir alvorleg

For dei undersøkingane som ender med eit krav om tiltak frå nemnda, er det mange av dei same årsakene som går igjen som for undersøkingar der tenesta konkluderer med å sette i verk samtykkebaserte tiltak. Likevel er årsaksbiletet smalare og dei meir alvorlege årsakene blir oppgitt oftare. Det er ein høg andel av sakene som handlar om foreldra og deira manglande stimulering, grensesetting, kjenslemessig tilgjengelegheit og manglande vern av barnet. I tillegg er det ein høg andel av sakene som handlar om foreldre sine psykiske lidingar, at barnet er vitne til eller sjølv utsett for fysisk eller psykisk mishandling og rusmisbruk hos foreldre.

SSB, tabell 10782.

Det kan vere fleire grunnar til å setje i verk tiltak. Summen av grunnane er difor større enn undersøkingar konkludert i alt.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Undersøkingar som går vidare ved at barnevernstenesta sender krav om tiltak til barneverns- og helsenemnda, etter grunn til tiltak

Har du spørsmål?

Lurar du på noko? Har du innspel til oss?

Kontakt oss på: barnevernsstatistikk@bufdir.no